onsdag 25. mai 2011


Henrik Ibsen (1828-1906)
Henrik Ibsen, en kjent dramatikar og lyrikar, både i nasjonalt og internasjonalt. Med verk som Peer Gynt, Et dukkehjem og Gengangere har hatt satt sitt spor i historia. Han er den mest spilte dramatikaren i verda og har vore med på å inspirere mange andre kunstnarar.

 Henrik veks opp i en velståande familie, men familien gjekk konkurs då Henrik var 7 år gammal. Dette gjorde at han hadde vanskeleg for å få utdanninga si. Men han gjekk ut i arbeid som apoteklærling i Grimstad då han var 15 år gammal.
Som liten las Henrik alt han kom over av skjønnlitteratur, han dreiv med dukketeater, teikna og måla. Og han begynte tidleg å skrive dikt. Desse interessene dyrka han medan han studerte i Grimstad. Saman med Christopher Due og Ole Schulerud drøfta han viktige spørsmål. Og han var allereie då ein opprørar.

Då Henrik Ibsen var 22, i 1850, år gammal gav han ut sitt fyrste drama, Catilina. I årene etter dette gikk han på Heltbergs studentfabrikk, mens han jobba som journalist. Han arbeida saman med Ole Bull på Det norske Theater og la eit grunnlag for den seinare karrieren som skodespelforfattar.

Han gifta seg med Suzannah Thoresen, og fikk ein son kalla Sigurd Ibsen. Kona til Ibsen var ein stor inspirator, lyttar og kritikar. Den vesle familien slo seg ned i Kristiania, og Ibsen fortsette å skrive dramastykkar.
I dei neste 27 åra som fylgde opphald Ibsen seg i utlandet, med berre korte besøk her heime i Noreg. Han budde i Italia og Tyskland blant anna, og det var her han skreiv sine mest kjente verk.

Rundt århundreskifte begynte Henrik Ibsen å bli sjuk, og vart utsett for fleire slag. Han døyde heime i leilegheita si i Arbins gate 1 i Kristiania, 78 år gammal.

'Snømannen' av Jo Nesbø

Snømannen er ein av dei mange krimromanane som Jo Nesbø har skrive, og han skuffar ikkje denne gongen heller. Som alltid møtar me Harry Hole, den alkoholiserte, 190 høge einstøingen. Mannen som ingen eigentleg kan stole på, men som er villig til å betale mykje for å sjå rettferda sigre.

Boka snømannen handlar om ein seriemordar som etterlatar seg snømenn i nærheita av dei drepne. Han brukar ulike framgangsmåtar og det heile utformar seg nærmast som ein leik for han. 

Jo Nesbø lagar alltid krimgåtene sine så innvikla, og med så mange lag at ingenting heng på grep før du har lese dei siste orda. Og slik er det óg i denne boka. Han blandar Harrys privatliv, ein ny etterforskar, Harrys tidlegare kjæraste; Rakel, årstall, tidlegare mord og historie saman.

Eg vil ikkje skrive meir om kva boka handlar om, dette er ei bok som du bør lese sjølv. Ho får deg til å sitte med munnen åpen i sjokkering og forundring, og eg sitt alltid att med følelsa av at Harry Hole, tross sine mangler; er ein av dei som gjer at eg følar meg trygg. Eg likar alltid Jo Nesbø sine krimromanar. Eg likar korleis han klarar å blande alt saman, men likevel få kabalen til å gå opp. Ei bok du ikkje vil gå glipp av!

mandag 9. mai 2011

Dramatisk dikting - kva er det?

Et drama er et litterært verk som viser handling. Det er ingen forteljar som fortel historia, men handlinga kjem fram av kva personane seier og gjer.

Ulike typar drama.
Vi har noko som vi kallar for det klassiske dramaet, takka være Aristoteles. Han var en filosof i Antikken. Det klassiske dramaet blir beskrive slik:
I byrjinga blir tid, sted og personar presentert. Eit problem eller eit dikt blir antyda.
I hovuddelen utviklar konflikten seg, og det er dette som er drivkrafta i stykket. Spenninga blir bygga opp mot eit eller fleire vendepunkt. Denne spenninga kan ha med ytre omstendigheitar eller omhandle meir psykologiske handlingar. Det er vendepunktet som er det viktigaste i heile dramaet.
I avslutninga blir konflikten løyst opp, med anten eit positivt eller negativt utfall. Spenninga fell og dei siste trådane blir nøsta opp mot den endelege løysninga.

I dei nyare teatera finn me det episke dramaet, medan det klassiske dramaet er gammalt og litt slått ut.
I fyrste del av dramaet skulle publikum kjenne seg att i forteljinga. Dei fekk tid til å reflektere over kva dei sjølve ville ha gjort i ei liknande situasjon. Plutseleg blir spelet stoppa, og skodespelarane går ut av rollene og fiksjonen. Skodespelarane kommenterer dramaet med refleksjonar eller song.
Meininga med å bryte spelet på denne måten var å få fram at teaterstykket berre var fiksjon. Formålet med å skape ei slik avstand frå historia var for å framprovesera ein reaksjon hos publikum. Historia skulle ikkje berre vere eit teaterstykke som dei såg på, men ei forteljing som fortsette hos dei sjølve.
Dramaet skulle ikkje lenger vere ei lukka verd, slik som i det klassiske dramaet, det skulle ikkje vera ei verd som ein kunne drøyme seg vekk i. Det episke dramaet var opent, og historia som blei fortalt slutta ikkje på scena.

Hovudtekst, sidetekst og undertekst
Eit skodespel består av ulike typar tekst, slik som hovudtekst og sidetekst. Hovudteksten har anten monolog eller dialog.
Sideteksten kallar me for sceneanvisningar og formulerast verbalt. Det er desse tinga som aldri blir lest ut høgt, men som er så viktige for at eit skodespel skal få sin heilskap.  Det er alt frå karakterens åtferd, stemmebruk og ansiktsuttrykk. 

Eksempel:
MANN
Men du vil at
vi to
skal være saman
KVINNE
Vil ikkje du
MANN
dreg det ut
jo

Her er det viktig for samanhengen av mannen dreg tida ut før han svarer, det merkast ei nøling som har mykje å seie for heilskapen.
Underteksten er også viktig, det er det som ikkje blir sagt høgt men som me likevel anar. Det er det som står mellom linjene, og korleis du tolkar replikkane. Halvferdige setningar, tvitydige svar og bruk av ironi kan vere med på å få fram det som kan vere vanskeleg å beskrive med ord.

Dramaspråket
Språket i dramatikken er den direkte talen, og ein brukar klangfarge for å få fram det ein meiner. Det er fleire måtar å seie ord på, og dei kan alle ha ulik klang. Dette gjer at ein kan få fram ulike stemningar; som trist, spørjande eller flau.
Ansiktsuttrykk og bevegelsar med kroppen, kalla mimikk og gestikk, er også ein viktig del av det dramatiske språket.
I litteratur brukar ein rytme, takt og ordvala meir aktivt, men i dramatisk dikting er det ordklang, stemmebruk, ansiktsuttrykk og kroppsspråk som ber fram handlinga.

Den dramatiske figuren
Den dramatiske figuren er eit bilete på alle rollefigurane i eit drama. Desse kan me dele inn i to grupper: dei med og dei utan karakter. Ein person med karakter har sjelelige eigenskapar som kjem til syne i handlinga, for eksempel når ein person seier kva han tenkjer.
Ein figur utan karakter er ein som ikkje gir vekk informasjon om sine eigenskapar, sine forhåpningar eller sin åtferd. Ein blir ikkje like godt kjent med ein slik person og verkar ikkje like interessant eller fyldig som person. Ofte inneheld dramatiske stykke begge type personar. 

torsdag 7. april 2011

Lyriske kjenneteikn



Konsentrasjon

Konsentrasjon tyder betydningstettheit.
I motsetning til mange episke og dramatiske tekster er dei fleste lyriske tekstar konsentrerte. Det at lyrikken er konsentrert  betyr at berre det viktigaste har kome med. Nærmast som om ein har ei suppe med ein lang tekst som man koker ned til det berre er dei beste orda som står att. Rita Dove samanlikna det gode diktet med ein buljongterning: ”Det er konsentrert, du bærer det med deg, og det gir næring når du trenger det.”

Når du skriv dikt handlar det ikkje berre om å skrive ord, det handlar om å velje dei rette orda. Lyrikkarar har fokus på det å ikkje bruke for mange ord, ein skal helst seie mykje med få ord. Det skal vere skrive mellom linjene.
Eit eksempel som blir rekna som eit godt eksempel på konsentrasjon er det japanske haikudiktet.

”I morgonregnet:
gule plommer
ned frå greinene.”
(Arvid Torgeir Lie, 1982)

Det visuelle

Ein kan ved å sjå på eit dikt vite at det nettopp det. I lyrikken brukar ein det visuelle, korleis eit dikt ser ut, som eit viktig verkemiddel. I vanleg prosa fyller forfattarane linjene heilt ut, men i dikt er kvar linje nøye planlagt.
Det å bruke ujamne høgremarg kan vere med på å skape spenning i diktet fordi det oppstår ei pause i hoppet mellom verselinjene. Det å endre oppsettet på eit dikt som er skriven på ein spesiell måte vil øydelegge litt av diktet. Dette fordi måten du oppfattar heilheita og setningane på vil bli endra.

Strofer, avsnitt og linjedeling
Eit dikt kan vere strofisk, det kan vere bygd opp av strofer som fylg det same mønsteret. Mykje av songlyrikken er komponert på ein slik regelmessig måte, men i meir moderne tider med boklyrikk er det blitt vanlegare med avsnittsdikt.
Eit avsnittsdikt fylg ikkje eit mønster, men det har framleis ei viktig linjedeling. Måten dikta er skrivne på understrekar vanlegvis innhaldet.

            Fangar du
blikket
            fangar du
meg fangar
            du ikkje
(Jan Erik Vold)

Dette er eit eksempel på eit dikt som ikkje fylg eit oppsett, og som understrekar innhaldet i diktet. Jan Erik Vold utnyttar det visuelle ved diktet. Ein anna ting han brukar som eit verkemiddel er dei ulike måtane det er mogleg å binde orda saman på. Orda kan få ulik betyding etter kva linjer ein festar saman, denne typen binding kallar vi enjambemt.

Det musikalske

Det musikalske er eit viktig verkemiddel i lyrikken. Ulrik Thomsen kallar lyrikk for ”syngande tale”.

Rim og rytme.
Rytme er ei gjentakande bevegelse; me trekk pusten, og me pustar ut; bølgjene slår mot stranda, trekker seg tilbake og slår igjen. Dette er gode metaforar for rytme.
Når ei rytme blir gjentatt regelmessig og utan variasjon oppstår det ei takt. I noko lyrikk kan takt og rytme vera viktig og meir tydeleg enn i andre. Dett er eit eksempel på eit dikt kor rytme, takt og rim speler stor rolle:

Elle melle
deg fortelle
skipet går
ut i hår
rygg i rann
to i spann
snipp, snapp snute
du er ute

I tradisjonell strofisk lyrikk finn me taktmønster, dette er veksling i trykktunge og trykklette stavingar. Et slikt taktmønster kallar me for eit metrum eller et versemål. Dei to vanlegaste er jambe og troké:

Jambe: U – (lett – tung)
Troké: - U (tung – lett)

Å lese opp eit dikt på ein slik måte at ein understrekar kallar vi å skandere.
Når me les opp eit dikt blir me styrt av takt, men ofte legg me vekt på dei orda som er tunge av meining. Me har ei takt som me fylg, men rytmen blir skapt når me les eit dikt. Det er nærmast som om takta i eit dikt er som takta i eit musikkstykke. Me spelar takta, men styrken på tonane varierer me sjølv. Ein lev seg inn i musikken og finn rytmen bak takta.

I nokre moderne dikt finn ein ikkje slike faste taktmønster, men det betyr ikkje at dei ikkje har rytme. Det at lyrikkarane bruker frie vers gjør at dei kan spille meir på takta. Ved å legge spesiell takt i enkelte verselinjer vil dei kunne få fram innhaldet på ein anna måte.  Musikken i eit dikt blir skapt av ulike rim, lyder og lydkombinasjonar som blir gjentatt. Klangeffekten som rima gir er og med på å binde teksten saman.

Ennå var hun ikke riktig våken
Ennå husket hun det ikke riktig.
Men hun følte noe deilig viktig
vente på seg som en sol bak tåken.

Denne strofa inneheld ein type rim som vi kallar fullrim. Når det er så stor avstand mellom rimorda er det viktig med den samanbindande funksjonen. I et fullrim er det klang- eller lydlikheit frå og med siste trykksterke vokal: v-åken/t-åken. Rimorda er også satt sist i verselinjene og det kallast då for enderim.
Det er vanleg at det er mønster i rima på ei verselinje:

Parrim: aabb
Kryssrim: abab
Kiastisk (omsluttende) rim: abba

Andre typar rim er halvrim eller assonans, som er rim med berre delvis klanglikskap mellom orda.  Me har óg bokstavrim der den fyrste bokstaven i dei trykktunge orda skal ha same konsonant. Til dømes hus og hytte eller fugl og fisk.  Desse typane rim blei mykje brukt i norrøn dikting.

Gjentaking og kontrast.

Om ein gjentar ord og linjer med mellomrom, skapar ein ei spesiell rytme i ei tekst.

”Eg går ikkje ut lenger, ei uro er komen over meg, og eg går ikkje ut (…) Ei uro er komen over meg. Eg veit ikkje kva det er, men uroa verkar i den venstre armen, i fingrane.”
(Frå Jon Fosse: Naustet)

Gjentakingane og den urolege rytmen er med på å gi eit språkleg uttrykk for uro. Forteljaren seier ikkje berre at han er uroleg, men måten han skriv dette på skildrar det i tillegg. Forfattaren Jon Fosse seier at han hentar verkemidlar frå rock når han skriv, og at dette er med på å gi rytme og puls til tekstane. I rock kan me høyre korleis det same musikalske temaet går igjen, og korleis det blir variert. Det med ”gjentaking med variasjon” går igjen i musikk. Dette ser me også i lyrikk, der ein brukar gjentaking av ord og heile linjer. Ein brukar gjentakingar for å kunne understreke ei meining,  gje sterkare uttrykk for følelsar og stemningar.

For å understreke temaet i eit dikt kan ein også bruke kontrastar  og motsetningar som eit verkemiddel. Det å stille ulike motiv opp mot kvarandre, som til dømes natt og dag, liv og død, liten og stor eller før og no.


Poetiske bilete

Din far han vet det, når han er bedrøvet
hvor lite det skal fingres ved en drøm,
før linjene og rosene og løvet
forvandler seg til fattig silkesøm -!

I denne strofa ser me at forfattaren brukar orda drøm, linjer, roser, løv og silkesøm som bilete på noko anna. Det blir brukt poetiske bilete, kor orda leses med ei anne betyding enn kva det bokstavleg står. Den vanlegaste bildebruken er metafor og samanlikning.

I ei samanlikning tilhøyrer ikkje samanlikningsledda det same betydingsområdet, og ordet som bind desse to områda saman. Sjølv om orda har ulik betyding så har dei likevel noko til felles, og det er når ein finn ut dette at ein finn meininga bak samanlikninga. Eit døme her kan vere; Natta var svart som kol. Her er svart kol med på å forklare stemninga denne natta, i staden for å berre skrive; natta var svart.

Ein metafor er også ein samanlikning der orda blir sett opp mot kvarandre, men dette er ei mykje dristigare samanlikning. Dette er fordi ordet ”som” er blitt tatt vekk og betydinga av orda smeltar saman. Eit døme på dette er; du er mi sol. Dette kan beskrive at du strålar opp kvardagen og er eit lyspunkt.

Me kan finne metaforar i form av besjeling og personifikasjon også. Besjeling er å gje menneskelege eigenskapar til ein konkret gjenstand. Til dømes; Kveldsola smiler, trea vinka forvell i vinden.
Personifisere er å levandegjøre noko som er abstrakt, til dømes ein draum. Draumen fekk bein å springe på.

Som sagt brukar ein mykje poetiske bilete i lyrikk og prosa generelt. Ein anna type bilete ein kan bruke er symbol. Symbol er bilete på ting som har ei ”kulturbestemt” meining. Til dømes har korset, ankeret og hjartet vært eit symbol på tro, håp og kjærleik. Dette er ikkje unikt slikt som metaforen, men noko felles som me i ein kultur delar. 

søndag 27. februar 2011

Slankepress frå massemedia.

Spiseforstyrringar, slanking, anoreksi og bulimi har blitt vanlige ord i kvardagen vår. Det er ikkje lenger uvanleg at jenter slankar seg så kraftig at dei må tvangsfôrast. Bileta på korleis ein normal kropp skal sjå ut har endra seg, me har endra oss. Men kor kjem desse nye ideala frå?

Me er omgitt av reklamar kvar dag. Tynne modellar i undertøyet og slankeprodukt er ikkje det som vanlegvis får ei jente til å glede seg til bikinisesongen. Me er omgitt av tynne, vakre menneske og samanliknar oss heilt naturleg med dei. Så det er ikkje rart at synet på kroppen har endra seg. Det er ikkje lenger rom for nokre ekstra kilo, ein skal alltid vera best og sjå finast ut.

Det å vera vakker heng ikkje alltid saman med det å vera lykkeleg. Eg trur det er viktig å hugse at sjølv om du kanskje går ned dei fem kiloa så vil det ikkje nødvendigvis gjera deg lukkeleg. Sjølvbilete er viktig, og det er viktig å føle seg vell med seg sjølv. Men ein ser alt for ofte at slanking kan utvikle seg til spiseforstyrringar.  Det er viktig å hugse på at ein ikkje alltid skal samanlikne seg med andre, og innsjå at ein er vakker som ein er. 

søndag 13. februar 2011

Mitt forhold til bilete

Bilete seier meir enn tusen ord. Bilete fangar augeblink. Når eg tenker tilbake på barndommen min så er det ikkje mykje eg hugsar, og som regel finn eg ut at det er bileta eg har sett eg hugsar. Ikkje sjølve handlinga. For bilete fangar augeblink. Bilete gjer at me kan spare på dei fine stundene i mange tiår. Me kan sjå på dei, hugse tilbake, smile litt og legge dei vekk att. Dette er viktig for meg, å samle på alle minna. Det blir nett som ein tidskapsel.

Eg tek masse bilete. Eg tek masse bilete for eg ønske å hugse ungdomstida mi. Eg har lyst til å hugse dei små stundene med veninner også, ikkje berre store bursdagsfestar og konfirmasjonar. Og det er som regel dei bileta som blir best, dei som er tatt på ein vanleg laurdagskveld. Dei bileta som skildrar stemning og ekte glede.

Ein anna ting som eg liker med bilete er verkinga dei har. Dei har moglegheita til å provosere, sende eit bodskap eller invitere. Sjølv om ord ikkje blir utveksla går det ei melding frå sendar til mottakar. Bilete kan gi mykje betre meldingar enn kva ein tekst kan. Ein tekst kan handle om det som ligg på overflata eller dykke djupt ned på havbotnen. Men eit bilete, eit bilete kan ta for seg alt dette på eit einaste stort lerret. Det har moglegheita til å snakke ti forskjellige språk på ein gong.

Det er kva bilete betyr for meg!

torsdag 3. februar 2011

Ei kjensle av makt

Eg kan sjå alt. Eg ser sola stå opp over hustaka om morgonen, naboen som går tur med hunden og borna som held hender på veg til skulen. Eg ser alle, men ingen ser meg. Eg kan ikkje kjenne solas varme, eg har ingen å gå tur med og eg har ingen å halde i handa. Men det verste er ikkje at eg har mista nokon å dele livet med, for dette er ikkje eit liv verdt å dela. Det eg mista var mykje meir verdifullt, eg mista fridommen. Fridommen til å kunne kjenne sola varme ansiktet mitt, til forlate denne plassen ein gong for alle.

Madrassen er hard å ligge på og har fått merker etter ein menneskekropp, merker som var her før eg kom. Eg veit at om eg snur meg kan eg sjå ut, eg kan sjå ut på ein hage med grøne plantar og fargerike blomar. Eg høyrer at det regnar, og eg veit derfor at naboen ikkje har gått tur med hunden endå, og eg veit at jenta i nabo huset kjem til å ha på seg dei rosa støvlane sine når ho går til skulen.
Eg likar ikkje å sjå, eg plar å lukke auga og prøver å gløyme kor eg er. Eg held dei alltid att så lenge eg klarar, men eg må alltid sjå om han er der igjen. Og det er han alltid, han smiler, slik som han gjer på alle bileta. I dag er bilete hengt opp på spiker nummer 198. Det betyr at det berre er 2 spikrar att. Det er to dagar til veslebror er trygg, to dagar til alt dette er slutt.

Ingen kan sjå. Dei ser det dei sjølv ynskjer å sjå, men ein kan ikkje basere eit liv på drømmar og tankar. Nokon må fortelje alle kva som er sannheita, nokon må fortelje kva som er viktig. Nokon må dømme, og det er dommarens jobb! 

Overlevingsinstinktet til alle mennesker er sterkt, me vil gjere alt for å overleve. Ein trosser grenser som før var høge murar, og ein bryt eigne reglar. Ein gjer det ein må for å overleve. Men kva om ein blir bedt om å kjempe for at nokon andre skal overleve? Kva ville du gjort om nokon bad deg om å kjempe for at broren din skulle få leve? Ville du då ha kjempa for ditt eige liv, eller for hans? Me har alltid eit val, spørsmålet er berre om du vel det rette.  

Då eg var seksten år vart eg fanga. Eg vart fanga og sett i bur. Sett bort der kor ingen nokon gong vil kunne finne meg. Eg har vore innesperra på det same rommet i 198 dagar, eg har vore omringa av dei kvite veggane, sett ut av det same vindauget og stira opp i det same taket i 198 dagar. Men framleis så veit eg ingenting. Eg veit ikkje lenger kva som er sant, eg veit ikkje kven eg er og det skumaste er at eg ikkje veit kven han er. Vesleboren min pleidde å kome og halde meg føre augo og spørje kven eg trudde det var, og det er slik det kjennest for meg no. Som at nokon held framføre augo mine slik at eg ikkje kan sjå dei, men eg kjenner at dei er nær. Eg er blitt blind.

Rettferd skal sigre. Dei blinde må sjå. Alle skal lære, om eg så må lære ein om gongen. Eg har makta, og det er ei herleg kjensle.

Som sekstenåring har du ikkje fridom til å reise verda rundt, du kan ikkje kjøpe hus på landet eller flytte til New York. Men er det verkeleg dette du treng fridom til? Vil det å bu ein anna plass i verda gjere livet ditt meir meiningsfylt? Eg trur ikkje det, eg trur ikkje at ein treng eit stort hus eller middagar på dyre restaurantar i storbyar. Alt du treng er fridom over ditt eige liv.  Du treng fridom til å gjere dei vanlege tinga, piknik i parken, sjå film saman med venner eller feire jul saman med familien. Du treng fridom til å leve, leve saman med dei du elskar.

Dei fyrste dagane var verst. Eg trur ikkje det er mogleg å beskrive korleis eg følte meg, kva eg tenkte og kva for nokre følelsar som fyk gjennom hovudet mitt. Eg gret, trygla og brølte. Eg brukte alle krefter på å stritte i mot og vere sint . Eg var sint på alt og alle, men aller mest var eg sint på han. Korleis kunne han fange eit levande menneske på denne måten? Låse det vekk som eit dyr.  

Eg er sikker på at eg ikkje lukka auga ein einaste gong den fyrste natta, men når sola skein gjennom vindauge kunne eg sjå han. Biletet som hang på den fyrste av dei 200 spikrane. Og slik fortsette det, dag etter dag. Eit nytt bilete dukka opp, sjølv om eg var sikker på at eg ikkje hadde sovna. Til slutt kom eg til eit punkt, eit punkt der eg gav opp. Eg gav opp å prøve å avsløre han. Eg innsåg at det ikkje ville kunne hjelpe meg om eg visste kven som haldt meg her, og kanskje er det til og med betre på denne måten. Kanskje det er betre å vere uvitande? Eg likar å tru det.

Mat og drikke kan du få. Husrom og luft. Men fridom er ikkje noko du får, fridom må du tene. Tida begynner å renne ut, no er det klart for den endelege eksamenen. Vil du bestå, eller vil døden rå?

Eg kan sjå at eg hadde rett, der går nabojenta med dei rosa støvlane. Hunden vil truleg begynne å gjø om ikkje lenge, og Helge vil måtte gå ut på tur. Eg veit sjølvsagt ikkje om han heiter Helge, det er berre noko eg innbiller meg. Veit du korleis det er å ikkje kunne snakke med nokon på 198 dagar? Veit du kor sprø du blir, kor mykje tid du brukar på å spekulere og tenke? Helge er eit av dei faste punkta i tilværa mi, han er noko eg veit eg ikkje har skapt inne i hovudet mitt. Han, og dei andre menneska i gata, held meg nede på jorda. Dei hindrar meg i å fly inn i min eigen drømmeverd. Ei verd som omsluttar meg heilt, berre eg får ein fot innanfor.

Framfor vindauget kan eg sjå eit mørkt felt i det elles lyse golvbelegget, det er der eg har kunne sett verda. Eg har stått der i fleire timar og sett på livet. Sett nyforelska ungdommar og familiar som leiker i hagen. Det var som ein film, ein film som aldri ville slutte. Men min film vil slutte. Rulleteksten kjem om to dagar.

Eg ser på filmen, ser på veslebror, døra og madrassen. Døra som ikkje er låst, men som eg aldri vil kunne opne. Det er rart kva frykt kan gjere med deg, kor sterk kjensle det er. Eg har aldri opna døra, eg har aldri prøvd å opne døra. Eg veit at om eg valte fridommen min , så vil han ta bror sin. Frykt er ei sterk kjensle, men ikkje sterkare enn kjærleik. For det er kjærleik som held meg tilbake, kjærleik til veslebror og det livet han har føre seg. Om eg skulle velje å ta frå han fridommen trur eg ikkje eg kunne ha tilgitt meg sjølv, for eg veit korleis det er. Eg veit korleis det er å ikkje eksistere. Eg veit korleis det er å berre så vidt halde hovudet over vatn. Eg druknar, men det er ingen som kan sjå meg. Ingen som kan redde meg, derfor skal eg redde han. Akkurat no er det det einaste eg kan gjera.

199. Regnet plaskar framleis ned utanfor glaset. Blada på plantane utanfor bøyer seg under vekta av vatnet. Raske paraplyar skundar seg etter post og til bil. Eg klarer ikkje røre på meg, det kjennest som om heile meg har frose fast. Eg kjenner ikkje kroppen min, eg kjenner ikkje hjarte slå. Eg er redd, vanvittig redd. Følelsane som eg har slite med å halde på avstand så lenge, kjem som store bølgjer no. Flommar over og røskar med seg alt som var av mot. Men eg må vere sterk, er det ikkje det ein seier? Vere sterk for nokon andre denne gongen.

Du må forstå at alt ikkje handlar om deg. Kvifor fortener du fridom når du ikkje klarer å sjå kva kjærleik er? Det er ikkje nok å elske fridom og elske livet. Du må elske dei som er i livet, og bruke fridommen du har til å vise det. Du må bevise at du er verdt det, at du fortener ein ny sjanse.

200. Dagen er her. Eg ligg på madrassen, utmatta av frykt. Lakenet har blitt fuktig av sveitte og håret klistrar seg til huda i nakken. Den siste spikaren er fylt, men eg støkk når eg ikkje ser det smilande ansiktet, men  eit kvitt ark. Eg ser meg forvirra rundt, men alt anna er som det pleier. Eg kryp bort og les det som står skrive:

”Det handlar ikkje om deg. Du må fortene fridom, du må lære. Livet skal levast med kjærleik. Dette er den endelege eksamen, vil du bestå eller vil døden rå?”

Ein siste sjanse, ein sjanse til å få leve. Kloke ord og smarte tankar var det som skulle til. Det var no det gjaldt, lev eller dø.

Ein tenker alltid at om ein ska døy når ein er ung, skal det vera for ei sak ein trur på. Ein skal sjå døden i auga og seie ”eg ikkje er redd”. Eg trudde på kjærleik, på livet og audmjukskap. Eg trudde på det viktige i livet. Eg lærte kva som var viktig i livet. Ein høyrer om bombing, naturkatastrofar og massakre, forferdelige ting som skjer med uskyldige menneske. For 200 dagar sidan stilte eg meg sjølv på linje med dei. Eg var eit offer, tilfeldig valt for å tilfredstille ein sjuk fantasi. Eg trudde ikkje at valet hadde noko med meg å gjera, det var ikkje meg det var noko gale med. Men eg tok feil, det var meg. Det var ikkje tilfeldig, eg vart valt ut. Eg fikk moglegheita til å lære. Eg lærde kva livet er, kva kjærleik er og kva fridom er.

Fridom. Den beste gåva eg nokon gong har fått. Luft i lungene, luft som sluttar seg om meg og ruskar meg i håret. Lukta av nyklippa gras og lyden av barn som ler. Eg sprang, det var alt eg kunne gjera. Eg sprang heilt til beina ikkje lenger kunne halde meg, men det var godt nok. Eg var fri, eg fekk livet tilbake. Eg kunne sjå alt, og alle kunne sjå meg. Eg hadde fått makta tilbake, og det var ei herleg kjensle!