Konsentrasjon
Konsentrasjon tyder betydningstettheit.
I motsetning til mange episke og dramatiske tekster er dei fleste lyriske tekstar konsentrerte. Det at lyrikken er konsentrert betyr at berre det viktigaste har kome med. Nærmast som om ein har ei suppe med ein lang tekst som man koker ned til det berre er dei beste orda som står att. Rita Dove samanlikna det gode diktet med ein buljongterning: ”Det er konsentrert, du bærer det med deg, og det gir næring når du trenger det.”
Når du skriv dikt handlar det ikkje berre om å skrive ord, det handlar om å velje dei rette orda. Lyrikkarar har fokus på det å ikkje bruke for mange ord, ein skal helst seie mykje med få ord. Det skal vere skrive mellom linjene.
Eit eksempel som blir rekna som eit godt eksempel på konsentrasjon er det japanske haikudiktet.
”I morgonregnet:
gule plommer
ned frå greinene.”
gule plommer
ned frå greinene.”
(Arvid Torgeir Lie, 1982)
Det visuelle
Ein kan ved å sjå på eit dikt vite at det nettopp det. I lyrikken brukar ein det visuelle, korleis eit dikt ser ut, som eit viktig verkemiddel. I vanleg prosa fyller forfattarane linjene heilt ut, men i dikt er kvar linje nøye planlagt.
Det å bruke ujamne høgremarg kan vere med på å skape spenning i diktet fordi det oppstår ei pause i hoppet mellom verselinjene. Det å endre oppsettet på eit dikt som er skriven på ein spesiell måte vil øydelegge litt av diktet. Dette fordi måten du oppfattar heilheita og setningane på vil bli endra.
Strofer, avsnitt og linjedeling
Eit dikt kan vere strofisk, det kan vere bygd opp av strofer som fylg det same mønsteret. Mykje av songlyrikken er komponert på ein slik regelmessig måte, men i meir moderne tider med boklyrikk er det blitt vanlegare med avsnittsdikt.
Eit avsnittsdikt fylg ikkje eit mønster, men det har framleis ei viktig linjedeling. Måten dikta er skrivne på understrekar vanlegvis innhaldet.
Eit avsnittsdikt fylg ikkje eit mønster, men det har framleis ei viktig linjedeling. Måten dikta er skrivne på understrekar vanlegvis innhaldet.
Fangar du
blikket
fangar du
meg fangar
du ikkje (Jan Erik Vold)
blikket
fangar du
meg fangar
du ikkje (Jan Erik Vold)
Dette er eit eksempel på eit dikt som ikkje fylg eit oppsett, og som understrekar innhaldet i diktet. Jan Erik Vold utnyttar det visuelle ved diktet. Ein anna ting han brukar som eit verkemiddel er dei ulike måtane det er mogleg å binde orda saman på. Orda kan få ulik betyding etter kva linjer ein festar saman, denne typen binding kallar vi enjambemt.
Det musikalske
Det musikalske er eit viktig verkemiddel i lyrikken. Ulrik Thomsen kallar lyrikk for ”syngande tale”.
Rim og rytme.
Rytme er ei gjentakande bevegelse; me trekk pusten, og me pustar ut; bølgjene slår mot stranda, trekker seg tilbake og slår igjen. Dette er gode metaforar for rytme.
Når ei rytme blir gjentatt regelmessig og utan variasjon oppstår det ei takt. I noko lyrikk kan takt og rytme vera viktig og meir tydeleg enn i andre. Dett er eit eksempel på eit dikt kor rytme, takt og rim speler stor rolle:
Elle melle
deg fortelle
skipet går
ut i hår
rygg i rann
to i spann
snipp, snapp snute
du er ute
deg fortelle
skipet går
ut i hår
rygg i rann
to i spann
snipp, snapp snute
du er ute
I tradisjonell strofisk lyrikk finn me taktmønster, dette er veksling i trykktunge og trykklette stavingar. Et slikt taktmønster kallar me for eit metrum eller et versemål. Dei to vanlegaste er jambe og troké:
Jambe: U – (lett – tung)
Troké: - U (tung – lett)
Troké: - U (tung – lett)
Å lese opp eit dikt på ein slik måte at ein understrekar kallar vi å skandere.
Når me les opp eit dikt blir me styrt av takt, men ofte legg me vekt på dei orda som er tunge av meining. Me har ei takt som me fylg, men rytmen blir skapt når me les eit dikt. Det er nærmast som om takta i eit dikt er som takta i eit musikkstykke. Me spelar takta, men styrken på tonane varierer me sjølv. Ein lev seg inn i musikken og finn rytmen bak takta.
I nokre moderne dikt finn ein ikkje slike faste taktmønster, men det betyr ikkje at dei ikkje har rytme. Det at lyrikkarane bruker frie vers gjør at dei kan spille meir på takta. Ved å legge spesiell takt i enkelte verselinjer vil dei kunne få fram innhaldet på ein anna måte. Musikken i eit dikt blir skapt av ulike rim, lyder og lydkombinasjonar som blir gjentatt. Klangeffekten som rima gir er og med på å binde teksten saman.
Ennå var hun ikke riktig våken
Ennå husket hun det ikke riktig.
Men hun følte noe deilig viktig
vente på seg som en sol bak tåken.
Ennå husket hun det ikke riktig.
Men hun følte noe deilig viktig
vente på seg som en sol bak tåken.
Denne strofa inneheld ein type rim som vi kallar fullrim. Når det er så stor avstand mellom rimorda er det viktig med den samanbindande funksjonen. I et fullrim er det klang- eller lydlikheit frå og med siste trykksterke vokal: v-åken/t-åken. Rimorda er også satt sist i verselinjene og det kallast då for enderim.
Det er vanleg at det er mønster i rima på ei verselinje:
Parrim: aabb
Kryssrim: abab
Kiastisk (omsluttende) rim: abba
Kryssrim: abab
Kiastisk (omsluttende) rim: abba
Andre typar rim er halvrim eller assonans, som er rim med berre delvis klanglikskap mellom orda. Me har óg bokstavrim der den fyrste bokstaven i dei trykktunge orda skal ha same konsonant. Til dømes hus og hytte eller fugl og fisk. Desse typane rim blei mykje brukt i norrøn dikting.
Gjentaking og kontrast.
Om ein gjentar ord og linjer med mellomrom, skapar ein ei spesiell rytme i ei tekst.
”Eg går ikkje ut lenger, ei uro er komen over meg, og eg går ikkje ut (…) Ei uro er komen over meg. Eg veit ikkje kva det er, men uroa verkar i den venstre armen, i fingrane.”
(Frå Jon Fosse: Naustet)
Gjentakingane og den urolege rytmen er med på å gi eit språkleg uttrykk for uro. Forteljaren seier ikkje berre at han er uroleg, men måten han skriv dette på skildrar det i tillegg. Forfattaren Jon Fosse seier at han hentar verkemidlar frå rock når han skriv, og at dette er med på å gi rytme og puls til tekstane. I rock kan me høyre korleis det same musikalske temaet går igjen, og korleis det blir variert. Det med ”gjentaking med variasjon” går igjen i musikk. Dette ser me også i lyrikk, der ein brukar gjentaking av ord og heile linjer. Ein brukar gjentakingar for å kunne understreke ei meining, gje sterkare uttrykk for følelsar og stemningar.
For å understreke temaet i eit dikt kan ein også bruke kontrastar og motsetningar som eit verkemiddel. Det å stille ulike motiv opp mot kvarandre, som til dømes natt og dag, liv og død, liten og stor eller før og no.
Poetiske bilete
Din far han vet det, når han er bedrøvet
hvor lite det skal fingres ved en drøm,
før linjene og rosene og løvet
forvandler seg til fattig silkesøm -!
hvor lite det skal fingres ved en drøm,
før linjene og rosene og løvet
forvandler seg til fattig silkesøm -!
I denne strofa ser me at forfattaren brukar orda drøm, linjer, roser, løv og silkesøm som bilete på noko anna. Det blir brukt poetiske bilete, kor orda leses med ei anne betyding enn kva det bokstavleg står. Den vanlegaste bildebruken er metafor og samanlikning.
I ei samanlikning tilhøyrer ikkje samanlikningsledda det same betydingsområdet, og ordet som bind desse to områda saman. Sjølv om orda har ulik betyding så har dei likevel noko til felles, og det er når ein finn ut dette at ein finn meininga bak samanlikninga. Eit døme her kan vere; Natta var svart som kol. Her er svart kol med på å forklare stemninga denne natta, i staden for å berre skrive; natta var svart.
Ein metafor er også ein samanlikning der orda blir sett opp mot kvarandre, men dette er ei mykje dristigare samanlikning. Dette er fordi ordet ”som” er blitt tatt vekk og betydinga av orda smeltar saman. Eit døme på dette er; du er mi sol. Dette kan beskrive at du strålar opp kvardagen og er eit lyspunkt.
Me kan finne metaforar i form av besjeling og personifikasjon også. Besjeling er å gje menneskelege eigenskapar til ein konkret gjenstand. Til dømes; Kveldsola smiler, trea vinka forvell i vinden.
Personifisere er å levandegjøre noko som er abstrakt, til dømes ein draum. Draumen fekk bein å springe på.
Som sagt brukar ein mykje poetiske bilete i lyrikk og prosa generelt. Ein anna type bilete ein kan bruke er symbol. Symbol er bilete på ting som har ei ”kulturbestemt” meining. Til dømes har korset, ankeret og hjartet vært eit symbol på tro, håp og kjærleik. Dette er ikkje unikt slikt som metaforen, men noko felles som me i ein kultur delar.