Vurdering:
Eg likar å lese bøker der det ligg eit bodskap og ei meining bak. Og det likte eg veldig godt med denne boka, at alt var ekte og sant. Når ein tek opp eit så alvorleg tema er det ofte lett å distansere seg frå det fordi det høyrast så fælt ut. Det er sterkare å lese når eg veit at Ida gjekk gjennom dei utrulege smertene som blir beskrive.
Eg likte ikkje skrivemåten noko særleg, eg synes at det var for opplest handling. Men eg synes at skildringar av indre kjensler og forholda mellom dei ulike personane kom godt fram og vart bra beskrive. Boka var betre mot slutten, der var det tydelegare at følelsane hadde styrt skrivemåten til forfattaren og dette gjorde språket mykje betre. Sjølv om eg ikkje likte skrivemåten noko særleg likte eg veldig godt boka, historien til Ida, og det at ein nærmast kunne kjenne at dette var ekte.
Det å lese denne boka har vore veldig fint, eg likar veldig godt å lese. Idas dans var ei veldig lett bok å lese og er ei bok du blir engasjert i. Det var ikkje noko press på å måtte lese kvar dag, noko eg synes er bra. For eg meiner at ein har betre opplevingar med bøker om ein har lyst til å lese.
Det å skrive leseblogg var også kjekt, det å kunne gjere noko annleis enn å berre skrive ein vanleg logg. Eg likte at me fekk fleire moglegheiter til å gjere bloggen til vår egen, og utrykke korleis me oppfatta boka med eventuelle bilete.

