Temaet i boka mi er kjærleik, sorg og død.
Kjærleik til livet og dei som du elskar. Sorg over dei som ikkje lenger er her. Død, den endelege avslutning.
Eg meinar at kjærleik er eit bodskap sidan Gunnhild legg stor vekt på å alltid vise kjærleik til familien og dei rundt ho. Sorg er ein del av bodskapen fordi det å skrive boka var ein del av sorgprosessen hennar, i tillegg fortel boka oss om mange triste og tunge stunder. Død var og ein viktig del av boka, og livet til familien Corwin. Det var døden dei sloss mot kvar dag, det var det dei kjempa så hardt for å stå i mot.
Bodskap:
Boka mi er ei bok skriven for å vise andre korleis denne familien takla sjukdommen.. Gunnhild skriv på slutten av boka at dette ikkje er ei oppskrift på korleis ein taklar ein slik sjukdom. Ho skriv om korleis dei takla det, korleis livet deira var, ikkje korleis andre burde oppleve å gå gjennom noko liknande.
Eg trur at bodskapen er å leve medan du kan. For det var veldig viktig for Corwin familien, å ikkje gløyme å leve på grunn av sjukdommen til Ida. Dei åt gode middagar, drog på ferieturar og inviterte gjestar heim. Sjølv om Ida var sjuk skulle ho få lov til å leve eit liv som ein frisk ungdom. Det å leve livet var særs viktig i slutten av livet til Ida, dei ville ikkje spare på noko. Det livet som var att skulle bli note til siste slutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar