Nyttårstale av Jens Stoltenberg
I år som alle andre år hadde statsministaren tale for alle nordmenn på nyttårsdag. Han førte oss inn i det nye året med gode, kloke ord.
I tala tek Jens Stoltenberg opp ulike tema som er viktige og relevante for Noreg i dag. Han sett også meir fokus på enkelte sakar, som Noregs historie, den eldre generasjonen og Noreg som velferdsstat.
Noregs historie:
I år, 2011, er det hundre år sidan Roald Amundsen erobra Sydpolen. I år skal dette feirast nede i det kalde Syd. Denne erobringa var med på å forma nordmenn som eit folk og sette oss på kartet som ein sterk nasjon. For hundre år sidan hadde verda konkurranse om å nå fyrst fram til Sydpolen, no samarbeidar me om å redde isen frå å smelte.
Den eldre generasjon:
Den eldre generasjonen i Noreg blir berre større og større. Dette er fordi folk lev lengre no, Ola nordmann lev til han er 81 år gammal. Når antall eldre aukar, aukar også behovet for kommunal omsorg. I Noreg har me fleire gode tilbod til dei gamle, men me strekk endå ikkje til over alt.
Innanfor dette tema blir også kvinner, og den arbeidskrafta dei bidrar med, trekt inn. Kvinner gir omsorg til unge og gamle og er ei viktig resurskjelde i Noreg. Ikkje berre innanfor omsorg, men også elles i arbeidslivet.
Noreg som velferdsstat :
Noreg har utvikla seg mykje på dei siste hundre åra. Me har gått frå å vera eit av dei fattigaste landa i Europa, til eit av dei rikaste. Me er no eit land som folk kjem til, snarare enn eit som folk reiser vekk ifrå. Me har mange sterke ressursar og kompetanse til å utnytta desse. Arbeidskraft er ikkje mangelvare, og Noreg er eit land med mange arbeidsplassar. Folk er ressurssterke, og det gjer oss til eit sterkt land.
Stoltenberg tek også opp mindre tema, som krig, HIV-smitte og pensjonavtalar.
Dei fleste talar har eit bodskap, noko dei ynskjar å få fram. Som Jens Stoltenberg sjølv sa ”mennesket skapar sin eigen historie”. Eg trur bodskapen ligg i dette, at Noreg har jobba for å kome på kartet og jobba seg opp til å bli eit rikt land.
I dag er me eit sterkt land, og dette visar Stoltenberg ved å trekke inn ulike faktorar som Noregs historie og eit rikt samfunn, ting som me nordmenn kan vera stolte av. Samtidig er det viktig å tenka at me som lev i dag også skriv historie for dei som kjem etter oss. Det er viktig å forbetra samfunnet me lev i idag slik at utviklinga ikkje stoppar.
I begynninga på talen trekk han inn polferda til Amundsen, dette er eit verkemiddel han brukar for å støtte opp påstanden om at Noreg har utvikla seg mykje dei siste hundre åra. Ved å vise tilbake til fortida, bekreftar han sine eigne påstandar.
Eg synes at tala til Stoltenberg tek opp mange viktige tema, dei fleste har eit fokus på ”det beste for samfunnet” og ”Dette vil skape eit betre samfunn”. Eg er einig i at me må fokusera på å bygga opp eit sterkare samfunn, til dømes i forhold til eldreomsorg. Eg er også klar over at ein slik tale skal vera ”ein tale til folket”, derfor reagerte eg litt på at han fokuserte så mykje på dei eldre, som han gjorde.
I fjorårets tale tok han opp ei sak om skular og det store fråfallet av elevar dei hadde hatt. Dette er ei sak som har noko med ungdommar å gjera og som me engasjerer oss i, nettopp fordi me er ein del av saka og det angår oss. Det sakna eg i årets tale, ei sak som angår ungdommar i samfunnet også.
For ungdommen i dag er framtida, og det er me som skal vera med på å bygge samfunnet framover. Han tek opp at det er den eldre generasjonen som har bygga opp Noreg og samfunnet me har i dag, og det er viktig at me tek vare på dei no. Eg meinar at det bør vera fokus på ungdom også, sidan det er me som skal gjera arbeidet og bygge no.
I eit land er det alltid ting som burde vere betre og ting som kan forbetrast. Noreg er ikkje eit unntak, sjølv om me er eit av verdas beste land å bu i. Eg synes at Stoltenberg fekk bra fram at sjølv om me har jobba oss opp til ein sterk nasjon, så har me manglar slik som dei fleste andre land. Det er noko eg synes er viktig å ikkje miste fokus på, at me ikkje er best, men at ein alltid kan bli betre.
I det store og heile synes eg at Jens Stoltenberg hadde ei god tale, der han tok opp samfunnsproblem. Men eg synes ikkje at sakene var interessante, og likte betre sakene han tok opp i fjorårets tale.
Link til talen.
Link til talen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar