søndag 28. november 2010

Personskildring og natur/miljøskildring


Idas dans er ei bok fortalt av mor, om si dotters kreft. Me får ta del i mor Gunnhilds tankar om livet. Boka er ekte og full av  smerte, glede og sinne. Alt er skildra så livaktig at du nærmast tek del i deira sorg, og deira gleder.

Personskildringer:
Boka er skriven ut frå forfattarens synspunkt og me får berre vita hennar tankar. Andre personar og situasjonar kjem berre fram gjennom hennar auge. Det er replikkar, skildring og handling om ein annan.

Gunnhild Corwin, forfattar, mor og kone. Ein klippe som held motet oppe, ho er sta og sterk. Ho samlar krefter og trekk seg aldri unna ein ny kamp. Sjølv om alt er kaos på innsida held ho seg roleg og fiksar og triksar alt bra for alle andre. Varm, sterk og tolmodig er ord eg vil bruka for å skildre Gunnhild.

" Øynene mine er våte, klumpen i halsen er stor som et hus. Jeg må ikke gråte, jeg må være sterk, for Ida"

Og så har me Ida. Sterke, sunne og viljesterke Ida. Ho er sterk og lar seg ikkje knekke av sjukdommens motstand. Ho gret, skrik og slår om seg, men finn alltid nye krefter til å fortsette vidare. Ønsket om å bli frisk att er det som held ho oppe. Ho ynskjar berre å vere ein normal, dansande attenåring igjen.

"Jeg er redd! Redd som pokker!
Jeg vil ikke være alene, jeg vil ikke ha kreft.
Jeg vil være meg!
Jeg savner hjemmet mitt, rommet mitt,
dynen min, kosedyrene mine
og ikke minst Belli og Pus."

Dette var det fyrste ho skreiv i dagboka si. Ida er redd, redd og åleine. Men ho klarer å leve, tross sjukdommens mange hinder. Ho får eit tilbod om ein solo dans på ei framvisning dei skal ha på studioet der ho dansar, og dette held ho oppe og får ho til å presse seg vidare.
Gunnhild og Ida er hovudpersonane, men me får møte mange andre også. Corwin familien er stor, med ein bror og to systrer. Det er ektemenn, kjærastar, tantebarn, venner, legar og sjukepleiarar. Alle tek del i livet og sjukdommen til Ida. Sjølv om fokuset nesten alltid er retta på Ida, skriv Gunnhild om den varmen og kjærleiken alle rundt dei visar og utstrålar.

Natur- og miljøskildringar:
Handlinga føregår stort sett på Rikshospitalet der Ida får all behandling. Dette blir som heim nr. 2. Men sjukehuset er kaldt og sterilt, ingen plass ein kan føle seg heime. Når dei ikkje er på sjukehuset er dei heime i Mariesvei. Huset blir skildra som varmt og kjærlig. Med peis på kjøkkenet, lys og varme. Når dei tilbringer så mykje tid på det kalde sjukehuset treng dei alle å koma heim til ein varm og vakker heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar