søndag 13. februar 2011

Mitt forhold til bilete

Bilete seier meir enn tusen ord. Bilete fangar augeblink. Når eg tenker tilbake på barndommen min så er det ikkje mykje eg hugsar, og som regel finn eg ut at det er bileta eg har sett eg hugsar. Ikkje sjølve handlinga. For bilete fangar augeblink. Bilete gjer at me kan spare på dei fine stundene i mange tiår. Me kan sjå på dei, hugse tilbake, smile litt og legge dei vekk att. Dette er viktig for meg, å samle på alle minna. Det blir nett som ein tidskapsel.

Eg tek masse bilete. Eg tek masse bilete for eg ønske å hugse ungdomstida mi. Eg har lyst til å hugse dei små stundene med veninner også, ikkje berre store bursdagsfestar og konfirmasjonar. Og det er som regel dei bileta som blir best, dei som er tatt på ein vanleg laurdagskveld. Dei bileta som skildrar stemning og ekte glede.

Ein anna ting som eg liker med bilete er verkinga dei har. Dei har moglegheita til å provosere, sende eit bodskap eller invitere. Sjølv om ord ikkje blir utveksla går det ei melding frå sendar til mottakar. Bilete kan gi mykje betre meldingar enn kva ein tekst kan. Ein tekst kan handle om det som ligg på overflata eller dykke djupt ned på havbotnen. Men eit bilete, eit bilete kan ta for seg alt dette på eit einaste stort lerret. Det har moglegheita til å snakke ti forskjellige språk på ein gong.

Det er kva bilete betyr for meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar