søndag 27. februar 2011

Slankepress frå massemedia.

Spiseforstyrringar, slanking, anoreksi og bulimi har blitt vanlige ord i kvardagen vår. Det er ikkje lenger uvanleg at jenter slankar seg så kraftig at dei må tvangsfôrast. Bileta på korleis ein normal kropp skal sjå ut har endra seg, me har endra oss. Men kor kjem desse nye ideala frå?

Me er omgitt av reklamar kvar dag. Tynne modellar i undertøyet og slankeprodukt er ikkje det som vanlegvis får ei jente til å glede seg til bikinisesongen. Me er omgitt av tynne, vakre menneske og samanliknar oss heilt naturleg med dei. Så det er ikkje rart at synet på kroppen har endra seg. Det er ikkje lenger rom for nokre ekstra kilo, ein skal alltid vera best og sjå finast ut.

Det å vera vakker heng ikkje alltid saman med det å vera lykkeleg. Eg trur det er viktig å hugse at sjølv om du kanskje går ned dei fem kiloa så vil det ikkje nødvendigvis gjera deg lukkeleg. Sjølvbilete er viktig, og det er viktig å føle seg vell med seg sjølv. Men ein ser alt for ofte at slanking kan utvikle seg til spiseforstyrringar.  Det er viktig å hugse på at ein ikkje alltid skal samanlikne seg med andre, og innsjå at ein er vakker som ein er. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar