onsdag 25. mai 2011

'Snømannen' av Jo Nesbø

Snømannen er ein av dei mange krimromanane som Jo Nesbø har skrive, og han skuffar ikkje denne gongen heller. Som alltid møtar me Harry Hole, den alkoholiserte, 190 høge einstøingen. Mannen som ingen eigentleg kan stole på, men som er villig til å betale mykje for å sjå rettferda sigre.

Boka snømannen handlar om ein seriemordar som etterlatar seg snømenn i nærheita av dei drepne. Han brukar ulike framgangsmåtar og det heile utformar seg nærmast som ein leik for han. 

Jo Nesbø lagar alltid krimgåtene sine så innvikla, og med så mange lag at ingenting heng på grep før du har lese dei siste orda. Og slik er det óg i denne boka. Han blandar Harrys privatliv, ein ny etterforskar, Harrys tidlegare kjæraste; Rakel, årstall, tidlegare mord og historie saman.

Eg vil ikkje skrive meir om kva boka handlar om, dette er ei bok som du bør lese sjølv. Ho får deg til å sitte med munnen åpen i sjokkering og forundring, og eg sitt alltid att med følelsa av at Harry Hole, tross sine mangler; er ein av dei som gjer at eg følar meg trygg. Eg likar alltid Jo Nesbø sine krimromanar. Eg likar korleis han klarar å blande alt saman, men likevel få kabalen til å gå opp. Ei bok du ikkje vil gå glipp av!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar